Home Page Image
 

I Holmedal er det godt å bu med trivelege folk, fjell og fjord.

Biletet over viser utsikta inn Dalsfjorden ein flott haustdag.
 

 

 

 

 

ÅRSMØTE I HOLMEDAL BYGDEHUS 14. FEBRUAR  2010 – REFERAT

  

a)         Godkjenning av innkalling og sakliste

           

            Innkalling og sakliste var samrøystes godkjend

 

b)        Val av ordstyrar og referent

 

Samrøystes vedtak: Dag Roar Fridtun vart vald til ordstyrar og Per Arne Tveit til referent.

 

c)         Val av to til å underteikne møteboka

 

            Magnhild Hoddevik og Harry Holmedal vart samrøystes valde.

 

d)        Årsmelding frå styret

 

            Dag Roar Fridtun las opp årsmeldinga som vart samrøystes godkjend.

 

e)         Rekneskap og budsjett

 

            Rekneskapen er utarbeidd av kasserar Linda Rivedal i samarbeid med Askvoll Rekneskapsteneste AS og revidert av John Lien. Linda la fram rekneskapen.

 

            Samrøystes vedtak om rekneskap:

 

            Årsmøtet godkjenner rekneskapen for 2009,  men ber styret om å ha ekstra fokus på straumutgiftene i 2010.

 

            Årsmøtet peika på at styret må arbeide for å få drifta i balanse slik at innsamla midlar kan gå uavkorta til oppussing i huset.

 

 

f)         Endring av vedtektene

 

            Det låg ikkje føre framlegg om endring av vedtektene, og det kom ingen merknader i møtet.    

 

g)         Fastsetting av utleigesatsar

 

            Det låg ikkje føre framlegg  om endring av utleigesatsane, men årsmøtet var samde om at det er naudsynt å lage betre retningslinjer for reingjering.

 

            Samrøystes vedtak:

 

            Årsmøtet gjev styret fullmakt til å justere husleigesatsane/ retningslinjer for reingjering i løpet av 2010.

 

           

 

h)         Fastsetting av kontingent

 

            Det låg ikkje føre framlegg om endring av kontingentane, og det  kom ingen merknader i møtet.

 

i)          Innkomne saker

 

            Det var ikkje kome inn særskilde saker til handsaming i årsmøtet.

 

j)          Val av styre, revisor og valnemnd

 

Det kom også merknad om at alle årsmøtereferat og valresultat burde leggast ut på Holmedal Vel si heimeside slik at alle sjølve kan finne informasjon når dei treng det. Alle som er valde til tillitsverv må straks tilskrivast med melding om dertte.

 

            Valnemnda ( Mette Byrkjeland på vegne av Egil Vårdal) la deretter fram slikt forslag:

 

            Funksjon       Namn                         Innev. periode                       Innstilling

 

Leiar:              Dag Roar Fridtun       (vald for 2009 og 2010)         ikkje på val

Nestleiar         Bjørg Bjånes               (vald for 2008 og 2009)         attval

Kasserar:         Linda Rivedal            (vald for 2009 og 2010)         ikkje på val

Skrivar:           Per Arne Tveit            (vald for 2008 og 2009)         attval

Styremedl.:     Vigdis Steinsland       (vald for 2008 og 2009)         attval

 

Vara:               Magne Follevåg          (vald for 2009 og 2010)         ikkje på val

 

Valnemnd:      Egil Vårdal vert nominert til felles valnemnd for 2010

 

Revisor:          John Lien                    (vald for 2009)                       attval

 

 

Valnemnda sitt framlegg vart samrøystes vedteke

 

 

Det nye styret vert då slik samansett (valperiode i parentes).

 

Funksjon       Namn                         Periode                     

 

Leiar:              Dag Roar Fridtun       (vald for 2009 og 2010)        

Nestleiar         Bjørg Bjånes               (vald for 2010 og 2011)        

Kasserar:         Linda Rivedal            (vald for 2009 og 2010)        

Skrivar:           Per Arne Tveit            (vald for 2010 og 2011)        

Styremedl.:     Vigdis Steinsland       (vald for 2010 og 2011)        

Styremedl:      Marit Klausen             ( vald av Holmedal Ungdomslag)

 

Vara:               Magne Follevåg          (vald for 2009 og 2010)        

 

Valnemnd:      Egil Vårdal   nominert til felles valnemnd for 2010

 

Revisor:          John Lien                                (vald for 2009)

 

 

 

Vi stadfestar at dette møtereferatet er i samsvar med dei val og vedtak som vart gjorde på årsmøtet.

 

 

 

Magnhild Hoddevik                                      Harry Holmedal

 

 

 

 

Felles valnemnd for Holmedal Ungdomslag, Holmedal Bygdehus, Holmedal Vel og Holmedal Bygdemuseum vart på slutten av årsmøtedagen vald for eit år og er slik samansett:

 

Egil Vårdal, Mette Byrkjeland, Helga Furevikstrand og Marit Klausen.